Faglig-pedagogisk dag 2013

Invitasjon til å delta på Faglig-pedagogisk dag 2013

Nok ein gong blir fagmiljøa ved UiB invitert til å kome med forslag til tema dei ønskjer å forelese i/halde kurs om på neste års Fagleg-pedagogisk dag, som blir arrangert

fredag 1. februar 2013.

Føremålet med dagen er som kjent m.a. å gje lærarar høve til å bli oppdatert på utviklinga innanfor sine fag og det som skjer på forskingsfronten. Denne opne fagdagen for lærarar frå ungdoms- og vidaregåande skular frå heile Vestlandet har blitt ein svært viktig tradisjon.

Vi ber fagmiljøa om å skrive ein forklarande undertekst til tittelen, slik at potensielle deltakarar kan få fleire opplysningar på førehand om kva forelesinga/kurset vil handle om. Tittel og undertekst vil stå i programmet, og vil utgjere “reklamen” for forelesinga. Det er difor viktig å tenkje godt gjennom korleis de ønskjer å presentere tilbodet i programmet.

Vi vil helst at du fyller ut skjemaet innan 11. oktober. Les mer her